Hopp til innhold
Forskrift

§ 2-2. Ordinært opptak

Ordinært opptak

(1) Det vert tatt opp inntil 30 studentar årleg til masterstudiet i arkitektur. (2) Frist for å søkje opptak ved masterstudiet på BAS er 15. april. Søkjarar som avsluttar utdanning eller tek eksamen etter søknadsfristen, må og søkje innan fristen. Vitnemål ettersendast så snart det ligg føre. Opptakskomiteen er ikkje pliktig til å vurdere søknader som kjem inn etter søknadsfrist. (3) Ordinære søknadar vert handsama av ein eigen opptakskomité beståande av lærar- og studentrepresentantar. Dei ulike partane vel sjølv kandidatar til opptakskomiteen. (4) For opptak til mastergradsstudiet ved BAS vert det stilt krav at søkjar har generell studiekompetanse eller er kvalifisert på ein annan måte i høve til forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning § 3-1 og § 4-4 (2), samt har levert skriftleg søknad og at intervju er gjennomført etter nærare reglar fastsett av institusjonen. Søkjarar til første år med utdanning frå land utanfor Norden må i tillegg dokumentere at han/ho har tilfredsstillande kunnskap i norsk og engelsk. (5) Opptak skjer etter at søkjar har fulgt BAS sin prosedyre: a) søknad på eige skjema innan søknadsfrist og b) intervju (for dei som vert invitert av skulen etter gjennomgang av innkomne søknader på eige skjema). (6) Rangering skjer etter regler fastsett av institusjonen, i høve til kriteria spesifisert i opptaksprosedyre og basert på skriftleg søknad og intervju, og jf. forskrift 6. januar 2017 nr. 13 § 7-14. (7) Alle søkjarar får skriftleg svar på søknad. (8) Søkjarar som får tilbod om studieplass må innan dato, nemnt i BAS sitt tilbodsbrev, returnere signert studiekontrakt og betale inn del av studieavgift. (9) Utsatt studiestart: det er ikkje høve til å søkje utsatt studiestart.

Det tas opp inntil 30 studenter årlig til masterstudiet i arkitektur. Søkere må ha studiekompetanse, sende skriftlig søknad innen fristen og gjennomføre intervju. Opptaket avgjøres av en komité basert på søknad og intervju.AI

Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 3-1Forskrift om opptak til høgare utdanning § 4-4 første leddForskrift om opptak til høgare utdanning § 7-14

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 2-2 i forskrift-for-masterstudiet-ved-bas.

Les hele forskriften i sammenheng →