Hopp til innhold
Forskrift

§ 3-3. Opphavsrett

Forskrift for masterstudiet ved BAS·Kapittel 3. Studieplan og studiegjennomføring

Opphavsrett

(1) Eit prosjekt-, ein diplom eller masteroppgåve kan ikkje nyttast i konkurransar eller liknande som medfører bedømming, eller på annan måte offentleggjering før sensur er gjennomført av BAS med mindre dette er spesifisert og godkjent gjennom oppgåva sitt program. (2) Ein student har opphavsretten til dei åndsverk han eller ho skaper i overeinsstemming med åndsverkslova. Åndsverk er ifølge lova: «[...] litterære eller kunstneriske verk av enhver art som er uttrykk for original og individuell skapende åndsinnsats.». BAS føreheld seg retten til å gjere bruk av studentarbeid til utstillingar og undervisningsføremål i skulen sin regi. I slike tilfelle skal studenten sitt namn oppgis. BAS kan publisere studentoppgåver eller studentarbeid så fremt studenten har gitt sitt samtykke. BAS sine rettleiarar har ikkje stilling som medforfattar til studentoppgåver, men namn på rettleiarar skal førast opp ved offentleg bruk av diplomoppgåver. BAS eig 50 % i studenten sitt studentarbeid/prosjekt gjort på skulen. (3) Studenten er sjølv ansvarleg for å innhente ev. patentrettar i sine oppgåver. Dette gjeld og i høve til samarbeid. (4) Ein samarbeidspart kan krevje teieplikt frå studenten i samband med ei studentoppgåve. Denne teieplikta må ikkje være til hinder for sensorane i deira arbeid med bedømming av oppgåva.

Oppgaver kan ikke brukes i konkurranser eller offentliggjøres før de er sensurert, med mindre det er avtalt. Studenten har opphavsrett til sine verk, men skolen kan bruke arbeidene til utstillinger og undervisning. Skolen eier halvparten av studentarbeidet utført ved skolen.AI

Les hele forskriften i sammenheng →