Hopp til innhold
Forskrift

§ 4-1. Eksamen og eksamensformer

Eksamen og eksamensformer

(1) Eksamen er den formelle vurderinga av det faglege nivået. (2) Styret ved Bergen Arkitekthøgskole fastset prøveforma for den einskilde eksamen. Eksamen kan omfatte prosjektarbeid, skriftleg og/eller munnleg prøve, gjennomføring av øvingar, deltaking i seminar, ekskursjonar o.a. Opplysningar om innleveringskrav, vurderingskriterier og prøveform for den einskilde eksamen er satt inn i studieplan/kursplan. (3) I 1. avdeling vert studentane formelt vurdert etter kvart år. Desse vurderingane kvalifiserer for å studera vidare ved BAS. (4) I 2. avdeling er kvart semesterkurs å rekne som en eksamen og vert vurdert til Bestått/Ikkje bestått. Det siste semesteret, diplomsemesteret, vert avslutta med eksamen i sjølvformulert oppgåve. (5) Eksamen er ei heilskapleg vurdering av haldning, innsats og resultat – underlagt dei følgjande 3 evalueringskriteria: 1) Kunnskap – studenten sin viste kunnskap 2) Ferdigheiter – Studenten si tilnærming til oppgåvene og arbeidsmetodane gjennom sjølvstendig, systematisk og kritisk resonnement. 3) Generell kompetanse – studenten si faglege haldning og innstilling til arkitektur og arkitekten sin praksis i samfunn.

Eksamen er den formelle vurderingen av det faglige nivået. Styret bestemmer hvordan eksamen skal gjennomføres, og vurderingen baseres på kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse.AI

Les hele forskriften i sammenheng →