Forskrift
§ 4-7. Særleg tilrettelegging av eksamen
Særleg tilrettelegging av eksamen
(1) Ein student som har fysiske eller psykiske problem med å gjennomføre eksamen på vanleg måte kan søke om særordningar ved eksamen. Særordninga skal ha som føremål å vege opp for dei ulemper som funksjonshemminga medfører, samstundes som det i størst muleg grad skal sikrast at studentane vert prøvd likt. Søknad sendast til BAS studieadministrasjonen.
(2) Eksempel på særordningar kan være:
-) Utvida eksamenstid
-) Høve til lengre pausar, eventuelt høve til å kvile
-) Skriftleg eksamen i staden for munnleg
-) Munnleg eksamen i staden for skriftleg
-) Eige eksamenslokale med eigen eksamensvakt
-) Bruk av skrivemaskin, pc og andre tekniske hjelpemidlar
-) Skrivehjelp, døvetolk og anna praktisk hjelp
-) Overføring av oppgåvene til punktskrift eller forstørra skrift
-) Høgtlesing av oppgåveteksten.
(3) Frist for å søke særordningar er 8 veker før eksamen. Behovet for særordning må dokumenterast med legeattest eller attest frå annan sakkunnig person. Er funksjonshemminga oppstått etter fristens utløp, eller dersom andre særlege grunnar tilseier det kan skulen fråvike denne fristen. Studentar med dyskalkuli, dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar må ha attest frå logoped eller annan spesialist som beskriver kva for særordningar det er behov for.
Studentar med fysiske eller psykiske utfordringar kan søke om særordningar ved eksamen. Formålet er å vege opp for ulemper slik at alle vert prøvd likt. Søknaden må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig person.AI