Hopp til innhold
Forskrift

§ 5. Sal og forbruk unnateke frå lagring

Sal og forbruk unnateke frå lagring

Ved utrekning av lagringsplikta inngår ikkje a) sal og forbruk av mengd som lagringspliktige har kjøpt av annan lagringspliktig b) sal og forbruk av mengd som den lagringspliktige har kjøpt av ein som ikkje er lagringspliktig c) sal til eksport d) sal til skip i utanriksfart e) sal til forsvarsstyresmaktene f) eige forbruk i raffineri. Lagringspliktig som har importert eller sjølv framstilt og kjøpt lagringspliktige produkt av andre lagringspliktige, kan i medhald av første ledd berre gjere slike frådrag i lagringspliktige importerte eller eigenproduserte volum at det står i høve til dei importerte eller eigenproduserte voluma, slik dei importerte eller eigenproduserte voluma står i høve til totalen av importerte eller eigenproduserte volum og volum kjøpt av andre lagringspliktige. Dette gjeld likevel ikkje der lagringspliktig kan dokumentere at ein større del av importerte eller eigenproduserte volum har gått med til sal eller forbruk som gir rett til frådrag. Lagringspliktig produsent kan òg gjere frådrag etter første ledd for selde volum, dersom det kan dokumenterast at voluma ved vidaresal eller forbruk ville ha gitt rett til frådrag for kjøparen, dersom kjøparen sjølv hadde vore lagringspliktig. Kjøpar skal sende dokumentasjon for vidaresal eller forbruk til Olje- og energidepartementet.

Bestemmelsen forklarer hvilke mengder petroleum som ikke skal regnes med når man beregner plikten til beredskapslagring. Dette gjelder blant annet salg til eksport, salg til skip i utenriksfart og eget forbruk i raffineri.AI

Les hele forskriften i sammenheng →