Hopp til innhold
Forskrift

§ 5. Opplysningar om inntekta og formuen til husstanden

Forskrift om bustøtte·Sist endret 1. juni 2026

Opplysningar om inntekta og formuen til husstanden

Grunnlaget for omrekning av inntekt jf. § 7, er inntekta og formuen til alle medlemane i husstanden, med nokre unnatak. Inntekta og formuen til barn under 18 år teller ikkje med, heller ikkje inntekta til vaksne under 20 år når dei ikkje sjølv er hovudsøkjar. Inntekt frå NAV-ytingar som utbetalast i høve til meldekort for 14 dagar av gangen, reknast med med to tredeler av beløpet i månader der tre påfølgjande 14 dagars perioder blir utbetalt i same kalendermånad. Opplysingar om inntekt blir henta inn frå Skatteetaten kvar månad på bakgrunn av tal frå a-ordninga, jf. lov 22. juni 2012 nr. 43 om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m. I tillegg må søkjaren gje opplysningar om skattbar inntekt og formue som ikkje blir henta inn frå a-ordninga, som til dømes næringsinntekter, kapitalinntekter og formue for heile året. Om ikkje søkjar gjev slike opplysningar, kan Husbanken stipulere tal på grunnlag av siste fastsetting av formues- og inntektsskatt (eventuelt etter korrigering frå skattekontoret, jf. lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) kapittel 12). Slike inntekter skal reknast som likt fordelt gjennom heile året, med mindre særlege omstende gjev grunnlag for unnatak. Husbanken kan sjå bort i frå opplysningar etter a-ordninga, dersom dei openbert ikkje er korrekte. Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt. All inntekt og formue i eller frå utlandet blir rekna med brutto beløp i norske kroner. Kvar person i husstanden kan ha ei kapitalinntekt på 6 886 kroner per år utan at inntekta blir teke med i grunnlaget for bustøtte. Dersom søkjaren kan dokumentere at det er teke refusjon i etterbetaling frå NAV skal refusjonen ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte. Etterbetalingar av G-regulerte ytingar frå NAV eller frå kommunar som gjeld mai og som vert utbetalt i juni, skal ikkje reknast med i grunnlaget for bustøtte for juni. Dersom søkjaren gjennom ein klage gjer Husbanken merksam på at etterbetalingar for mai som kjem frå andre kjelder eller i seinare månader, skuldast trygdeoppgjeret, kan Husbanken sjå bort frå desse etterbetalingane.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 19 des 2016 nr. 1738 (i kraft 1 jan 2017), 21 mai 2017 nr. 646 (i kraft 1 juni 2017), 25 mai 2018 nr. 767 (i kraft 1 juni 2018), 24 mai 2019 nr. 685 (i kraft 1 juni 2019), 18 mai 2020 nr. 1022 (i kraft 1 juni 2020), 25 mai 2021 nr. 1693 (i kraft 1 juni 2021), 25 mai 2022 nr. 915 (i kraft 1 juni 2022), 30 mai 2023 nr. 753 (i kraft 1 juni 2023), 28 mai 2024 nr. 859 (i kraft 1 juni 2024), 23 sep 2024 nr. 2234 (i kraft 1 okt 2024), 19 des 2024 nr. 3386 (i kraft 1 jan 2025), 27 mai 2025 nr. 902 (i kraft 1 juni 2025), 26 mai 2026 nr. 940 (i kraft 1 juni 2026).

Se ogsåForskrift om bustøtte § 7referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 5 i forskrift-om-bustøtte.

Les hele forskriften i sammenheng →