Forskrift
§ 28. Kvalifikasjonskrav og bemanning
Forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar·Kapittel 6. Kvalifikasjonar og bemanning
Kvalifikasjonskrav og bemanning
Førar skal vere minst 20 år og ha
a) fritidsskippersertifikat (D5L)
b) helseerklæring for fritidsskipper som skal fornyast kvart tredje år
c) SRC-sertifikat
d) minst 150 timar dokumentert fartstid på tilsvarande fartøytype
e) godkjent tryggleiksopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip
f) gjennomgått tryggleiksfamiliarisering og intern tryggleiksopplæring som sikrar forsvarleg handtering av personar om bord i naudssituasjonar.
For kvar redningsflåte om bord, med unntak av den eller dei redningsflåtane som er i reserve, skal det i tillegg til førar vere minst eitt besetningsmedlem som har opplæring som nemnt i første ledd bokstav e.
Reiarlaget skal fastsetje ei bemanning som er tilstrekkeleg til å vareta forsvarleg drift av fartøyet og tryggleiken til alle personar om bord ved normal drift og i ein naudssituasjon. Bemanninga skal vere tilstrekkeleg til å handtere segl og rigg utan hjelp frå andre personar om bord. Personar som er ein del av bemanninga, skal oppfylle krava i første ledd bokstav f.
Bestemmelsen fastsetter krav til alder, sertifikater og erfaring for førere av fartøy brukt til opplæring. Den krever også at mannskapet er tilstrekkelig for å sikre trygg drift og håndtering av utstyr.AI