Forskrift
§ 4. Tryggleiksstyringssystem
Tryggleiksstyringssystem
Reiarlaget skal etablere, gjennomføre og vidareutvikle eit dokumenterbart tryggleiksstyringssystem som minimum inneheld
a) skildring av verksemda og operasjonsområdet med eventuelle beskytta område der fartøy kan søke ly (naudhamner)
b) skildring av det enkelte fartøyet, under dette tekniske spesifikasjonar, operasjonelle avgrensingar som fylgje av konstruksjonen og utrustinga til fartøyet, og talet på personar fartøyet er konstruert for
c) rutinar for planlegging av seglas
d) skildring av risikofaktorar for alle om bord når fartøyet er undervegs eller reiskapar eller utstyr om bord blir brukte, og tiltak for å unngå uønskte hendingar
e) rutinar for vedlikehald av fartøy og utstyr
f) beredskapsplan til bruk i ulike naudssituasjonar og rutinar for øvingar.
Reiarlaget skal ha ein årleg gjennomgang av tryggleiksstyringssystemet for å vurdere om det fungerer i tråd med føremålet, og om det er behov for forbetringar. Gjennomgangen skal dokumenterast.
Tryggleiksstyringssystemet skal vere tilgjengeleg om bord.
Rederiet må ha et skriftlig system for sikkerhet som beskriver fartøyene, risiko og beredskap. Systemet skal oppdateres årlig, dokumenteres og være tilgjengelig om bord.AI