Forskrift
§ 22. Radioutstyr
Forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar·Kapittel 5. Kommunikasjon og navigasjon
Radioutstyr
Fartøy i fartsområde 1 eller større skal vere utstyrte med VHF-radioutstyr med DSC, tilkopla posisjonsmottakar. I fartsområde 4 eller større skal VHF/DSC vere fastmontert.
Fartøy i fartsområde 1 eller større skal vere utstyrte med éin handhalden VHF for kvar redningsflåte fartøyet fører.
Elektriske kraftkjelder som driv radioutstyr skal ha kapasitet til å drive utstyret under heile reisa, og i tillegg ha ein reservekapasitet på minst 6 timar.
Radioutstyret skal vere CE-merka.
Fartøy i fartsområde 1 eller større må ha VHF-radioutstyr med DSC og posisjonsmottakar, samt handhaldne VHF-radioar for hver redningsflåte. Utstyret må vere CE-merka og ha nok strøm til hele reisen pluss en reservekapasitet på minst 6 timar.AI