Hopp til innhold
Forskrift

§ 3-1. Betaling av avgift til staten

Forskrift om film og videogram·Kapittel 3. Avgift til staten·Sist endret 10. februar 2022

Betaling av avgift til staten

Det skal førast særskild rekneskap for avgiftspliktig framsyning eller omsetning. Rekneskapen skal reviderast av ein registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen til kommunale kinoar skal reviderast av kommunerevisjonen. For framsyning av film eller videogram i næring skal avgiftsgrunnlag og avgiftsbeløp kvart kvartal fyllast ut på eit skjema til Norsk filminstitutt. Meirverdiavgift skal ikkje reknast inn i avgiftsgrunnlaget. For omsetning av videogram skal distributøren kvart kvartal rapportere om netto omsetning på eit felles skjema til Medietilsynet.

Det skal førast og reviderast særskild rekneskap for avgiftspliktig framsyning eller omsetning. For næringsdrift skal avgiftsgrunnlag og beløp rapporterast kvart kvartal, og det same gjeld for netto omsetning av videogram.AI

Endret 10. februar 2022 · i kraft 10. februar 2022
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 11 jan 2005 nr. 16, 1 mai 2016 nr. 890, 10 feb 2022 nr. 191.

Sammenheng

Endringshistorikk3

Koblinger for § 3-1 i forskrift-om-film-og-videogram.

Les hele forskriften i sammenheng →