Hopp til innhold
Forskrift
Nærings- og fiskeridepartementet

Forskrift om staten sine kontrollørar for fiskesalslaga

Forskrift om fiskesalslagskontrollørar

forskrift/2013-12-20-1647·5 paragrafer·Sist endret 1. januar 2026·Utforsk grafen
I kraft 2014-01-01Kunngjort 2014-01-02Sist endret ved forskrift/2025-12-14-2587 fra 2026-01-01

Oppnemning og åremål

Nærings- og fiskeridepartementet nemner opp ein kontrollør for kvart fiskesalslag. Departementet kan fastsetje at same kontrollør nemnast opp for fleire fiskesalslag. Departementet fastset perioden for vervet i samband med oppnemning av kontrolløren. Den som vert oppnemnd som kontrollør skal vere uavhengig i høve til salslaget, eigarar, tilsette eller tillitsvalde i salslaget slik at objektivitet og tillit til kontrolløren ikkje vert svekka. Kontrolløren skal ha relevant kompetanse og erfaring.

Nærings- og fiskeridepartementet utnevner en kontrollør for hvert fiskesalslag. Kontrolløren må ha relevant erfaring og kompetanse, og skal være uavhengig for å sikre objektivitet og tillit.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 14 des 2025 nr. 2587 (i kraft 1 jan 2026).

Mandatet til kontrolløren og kontrolloppgåver

Ein kontrollør skal utøve mandatet sitt i tråd med føresegnene i lov og forskrift. Fiskesalslaga skal leggje til rette for at kontrolløren skal få utøve oppgåvene sine i tråd med desse føresegnene i samsvar med lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar § 5, andre ledd. Kontrolløren skal følgje verksemda til fiskesalslaget og kontrollere at ho er i samsvar med god forretnings- og forvaltningsskikk, og at verksemda vert driven innanfor rammene av gjeldande lover og føresegner med forarbeid, medrekna at eineretten til å fastsetje minstepris, salsvilkår og omsetningsformer vert utøvd på forsvarleg vis. Kontrolløren skal assistere Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet med å få fram opplysningar om økonomien og drifta til salslaga når vedkomande vert beden om slike opplysningar eller assistere styresmaktene i særskilde saker. Kontrolløren kan ikkje fungere som juridisk rådgjevar for salslaget. Kontrolløren har teieplikt etter dei føresegnene som gjeld for offentlege tenestemenn. Departementet fastset honoraret til kontrolløren. Salslaga skal dekkje honoraret og dei nødvendige utgiftene kontrolløren har i samband med utøvinga av mandatet sitt. Dette gjeld også utgifter til reising som skal dekkjast etter statens reiseregulativ. Kontrolløren må ikkje ta imot anna godtgjering frå salslaget.

En kontrollør skal passe på at fiskesalslag følger loven og driver forsvarlig. Kontrolløren skal hjelpe myndighetene med informasjon, har taushetsplikt og kan ikke være juridisk rådgiver for laget. Honorar og utgifter dekkes av fiskesalslaget.AI

Se ogsåFiskesalslagslova § 5referert av 1

Rapporteringar og orienteringar

Kontrolløren skal årleg sende rapport til Nærings- og fiskeridepartementet med eventuelle merknader til styret sitt framlegg til årsmelding og rekneskap. Rapporten må sendast innan to veker før salslaget skal halde årsmøte. Rapporten skal sendast salslaget til orientering. Kontrolløren skal straks og på eige initiativ halde Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet orienterte om forhold som kontrolløren reknar med har innverknad på økonomien og drifta til salslaga. Slik sjølvstendig meldeplikt omfattar både god forretnings- og forvaltningsskikk og om drifta er lovleg, jf. § 2 andre ledd.

Kontrolløren skal kvart år sende ein rapport til departementet med merknader til årsmeldinga og rekneskapen. Kontrolløren skal også straks varsle departementet og Fiskeridirektoratet om forhold som påverkar økonomien, drifta eller lovlegheita i salslaga.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 28 feb 2020 nr. 213.

Se ogsåForskrift om fiskesalslagskontrollørar § 2

Overgangsreglar

Kontrollørar som er nemnde opp før forskrifta trer i kraft, held fram som kontrollør etter denne forskrifta inntil vidare. Nærings- og fiskeridepartementet vil nemne opp kontrollørar for kvart salslag i 2014. Første 6-årsperiode vert rekna frå 1. januar 2014, uavhengig av tidlegare tenestetid som kontrollør.

Kontrollørar som allereie var utnemnde, held fram i jobben. Departementet utnemner kontrollørar for kvart salslag i 2014. Den første 6-årsperioden startar 1. januar 2014, uavhengig av tidlegare tenestetid.AI

Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2014.

Denne forskriften begynte å gjelde fra 1. januar 2014.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hvem utnevner kontrolløren for fiskesalslagene?

Nærings- og fiskeridepartementet utnevner en kontrollør for hvert fiskesalslag. Kontrolløren må ha relevant erfaring og kompetanse, og skal være uavhengig for å sikre objektivitet og tillit.

Åpne § 1
Hva er oppgavene til en kontrollør i et fiskesalslag?

En kontrollør skal passe på at fiskesalslag følger loven og driver forsvarlig. Kontrolløren skal hjelpe myndighetene med informasjon, har taushetsplikt og kan ikke være juridisk rådgiver for laget. Honorar og utgifter dekkes av fiskesalslaget.

Åpne § 2
Kven skal få den årlege rapporten frå kontrolløren?

Kontrolløren skal kvart år sende ein rapport til departementet med merknader til årsmeldinga og rekneskapen. Kontrolløren skal også straks varsle departementet og Fiskeridirektoratet om forhold som påverkar økonomien, drifta eller lovlegheita i salslaga.

Åpne § 3
Kva skjer med kontrollørar som var utnemnde før forskrifta trådde i kraft?

Kontrollørar som allereie var utnemnde, held fram i jobben. Departementet utnemner kontrollørar for kvart salslag i 2014. Den første 6-årsperioden startar 1. januar 2014, uavhengig av tidlegare tenestetid.

Åpne § 4
Når trådte forskriften i kraft?

Denne forskriften begynte å gjelde fra 1. januar 2014.

Åpne § 5

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2025

  2. 2020