Hopp til innhold
Forskrift

§ 2. Mandatet til kontrolløren og kontrolloppgåver

Mandatet til kontrolløren og kontrolloppgåver

Ein kontrollør skal utøve mandatet sitt i tråd med føresegnene i lov og forskrift. Fiskesalslaga skal leggje til rette for at kontrolløren skal få utøve oppgåvene sine i tråd med desse føresegnene i samsvar med lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar § 5, andre ledd. Kontrolløren skal følgje verksemda til fiskesalslaget og kontrollere at ho er i samsvar med god forretnings- og forvaltningsskikk, og at verksemda vert driven innanfor rammene av gjeldande lover og føresegner med forarbeid, medrekna at eineretten til å fastsetje minstepris, salsvilkår og omsetningsformer vert utøvd på forsvarleg vis. Kontrolløren skal assistere Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet med å få fram opplysningar om økonomien og drifta til salslaga når vedkomande vert beden om slike opplysningar eller assistere styresmaktene i særskilde saker. Kontrolløren kan ikkje fungere som juridisk rådgjevar for salslaget. Kontrolløren har teieplikt etter dei føresegnene som gjeld for offentlege tenestemenn. Departementet fastset honoraret til kontrolløren. Salslaga skal dekkje honoraret og dei nødvendige utgiftene kontrolløren har i samband med utøvinga av mandatet sitt. Dette gjeld også utgifter til reising som skal dekkjast etter statens reiseregulativ. Kontrolløren må ikkje ta imot anna godtgjering frå salslaget.

En kontrollør skal passe på at fiskesalslag følger loven og driver forsvarlig. Kontrolløren skal hjelpe myndighetene med informasjon, har taushetsplikt og kan ikke være juridisk rådgiver for laget. Honorar og utgifter dekkes av fiskesalslaget.AI

Se ogsåFiskesalslagslova § 5referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 2 i forskrift-om-fiskesalslagskontrollørar.

Les hele forskriften i sammenheng →