Hopp til innhold

Oppnemning av komité

(1) Dersom fakultetet kjem til at søkar skal få framstilla seg, skal det – i same sak eller i separat sak – oppnemnast ein sakkunnig komité (bedømmelseskomité) med minst tre medlemmer. Komiteen skal vurdera avhandlinga og disputasen. Fakultetet peikar ut leiar mellom medlemmene. (2) Instituttet som har det aktuelle faget føreslår komité. (3) Komiteen skal setjast saman slik at -) begge kjønn er representerte -) minst ein medlem er tilsett ved universitetet -) minst ein medlem ikkje er knytt til universitetet -) minst ein medlem ikkje har hovudstilling ved ein norsk institusjon -) alle medlemmene har doktorgrad eller tilsvarande kompetanse -) minst ein medlem har kompetanse over førstestillingsnivå -) fleirtalet i komiteen er eksterne medlemmer -) fleirtalet i komiteen er tilsette ved ein doktorgradsgivande institusjon. (4) Samansetjinga av komiteen skal vera grunngitt og eventuelle avvik frå kriteria skal grunngivast særskilt. Grunngivinga skal visa korleis komiteen samla dekker fagfeltet i avhandlinga. (5) I særlege tilfelle kan fakultetet nemna opp ein administrativ leiar i tillegg til medlemmene. Han/ho skal ikkje ta del i den faglege vurderinga av avhandlinga. (6) Fakultetet kan, når det er påkravd, nemna opp ein setjemedlem til komiteen. (7) Ein/ei som har vore kandidaten sin medforfattar eller andre som er inhabile etter forvaltningslova § 6, kan ikkje vera medlem i, eller administrativ leiar for, komiteen. (8) Kandidaten skal få melding om forslaget til komité, og få høve til å komma med skriftlege merknader til forslaget innan fem arbeidsdagar etter at han/ho får meldinga.

Når en søker skal få legge frem sin dr.philos., oppnevnes en sakkunnig komité på minst tre medlemmer. Komiteen skal vurdere avhandlingen og disputasen, og bestå av personer med doktorgrad eller tilsvarende kompetanse med bestemte krav til kjønn og tilknytning.AI

Se ogsåForvaltningsloven § 6 første leddreferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 11 i forskrift-om-graden-drphilos-ved-universitetet-i-tromsø.

Les hele forskriften i sammenheng →