Hopp til innhold

Innstilling

(1) Komiteen gir innstilling til fakultetet på grunnlag av avhandlinga og eventuelt tilleggsmateriale, jf. § 13. Det skal gå fram av innstillinga om arbeidet er verdig til å forsvarast for doktorgraden eller om ho bør underkjennast. Innstillinga og eventuelle dissensar skal vera grunngitte. (2) Komiteen kan anbefala at fakultetet gir høve til ei mindre omarbeiding før endeleg innstilling vert vedteken. Komiteen skal i slike tilfelle gi ei konkret, skriftleg, oversikt over kva kandidaten må omarbeida. (3) Dersom fakultetet tek tilrådinga til følgje, jf. § 16 tredje ledd, skal kandidaten få ein frist for omarbeiding på inntil tre månadar. Det skal fastsetjast ein ny frist for komiteen si endelige innstilling. Kandidaten kan ikkje klaga over eit vedtak om høve til omarbeiding. (4) Dersom komiteen finn at det er nødvendig med djuptgripande endringar når det gjeld teori, hypotese, materiale eller metode for å kunna gi tilråding om disputas, skal komiteen gi innstilling om underkjenning av avhandlinga. (5) Fakultetet skal senda kopi av innstillinga til kandidaten. Når innstillinga er samrøystes negativ, ved dissens, og når komiteen anbefaler at kandidaten skal få gjera ei mindre omarbeiding, skal han/ho få høve til å komma med skriftlege merknader med ein frist på ti arbeidsdagar. Dersom kandidaten ikkje ynskjer å fremja merknader, skal han/ho så raskt som mogeleg melda skriftleg frå til fakultetet om det. (6) Dersom det vert vurdert nødvendig for å opplysa saka, skal fakultetet senda eventuelle merknader til komiteen med ein kort frist for tilbakemelding.

En komité vurderer om en avhandling er god nok til å forsvares eller om den skal underkjennes. Det kan gis mulighet for mindre endringer før endelig avgjørelse. Kandidaten kan i visse tilfeller sende inn skriftlige merknader til vurderingen.AI

Se ogsåForskrift om graden dr.philos. ved Universitetet i Tromsø § 13Forskrift om graden dr.philos. ved Universitetet i Tromsø § 16referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 15 i forskrift-om-graden-drphilos-ved-universitetet-i-tromsø.

Les hele forskriften i sammenheng →