Prøveførelesing
(1) Kandidaten skal halda prøveførelesing. Prøveførelesinga er ein sjølvstendig del av doktorgradsprøven og skal vera over oppgitt tema. Føremålet er å prøva kandidaten si evne til å tileigna seg kunnskapar ut over avhandlingstemaet og evna til å formidla desse. Komiteen fastset tittel på førelesinga.
(2) Fakultetet skal kunngjera tittelen på prøveførelesinga til kandidaten ti arbeidsdagar før førelesinga. Komiteen fastset tema. Temaet for førelesinga skal ikkje stå i direkte samband med temaet for avhandlinga.
(3) Tittelen på førelesinga skal kunngjerast etter at avhandlinga er levert, og førelesinga skal haldast før disputasen. Fakultetet bestemmer tidspunktet.
(4) Dersom førelesinga skal haldast før innstillinga er klar, kan fakultetet nemna opp ein eigen komité som fastset tema. Minst ein av medlemmene i avhandlingskomiteen skal vera med i førelesningskomiteen, som så langt råd er skal setjast saman i samsvar med krava i § 10 tredje ledd.
(5) Prøveførelesinga skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna.
(6) Komiteen avgjer om prøveførelesninga er bestått eller ikkje bestått, og skal grunngi vedtaket dersom resultatet vert ikkje bestått. Førelesinga skal være bestått før det kan haldast disputas.
(7) Dersom resultatet på prøveførelesinga vert ikkje bestått, kan kandidaten melda seg til ny prøveførelesing. Prøveførelesinga skal haldast over nytt emne, snarast mogeleg og seinast innan seks månader. Så vidt mogeleg skal ho vurderast av den opphavlege komiteen. Ny prøveførelesing kan berre haldast ein gong.
En kandidat må holde en prøveforelesning i et tema som ikke er direkte knyttet til avhandlingen. Forelesningen må være bestått før disputasen kan finne sted. Ved stryk kan man forsøke seg på en ny forelesning i et nytt emne én gang.AI
Se ogsåForskrift om graden dr.philos. ved Universitetet i Tromsø § 10
Sammenheng
Koblinger for § 18 i forskrift-om-graden-drphilos-ved-universitetet-i-tromsø.