Forskrift
Nynorsk
§ 19-2. Offentleg forsvar av avhandlinga (disputas)
Offentleg forsvar av avhandlinga (disputas)
(1) Offentleg forsvar av avhandlinga skal skje etter at prøveførelesinga er halden og godkjend og normalt innan to (2) månader etter at avhandlinga er vurdert som verdig til å kunne forsvarast.
(2) Tid og stad for det offentlege forsvaret skal kunngjerast minst ti (10) arbeidsdagar før det vert gjennomført.
(3) Disputasen skal vere offentleg.
(4) Vurderingskomitéen fungerer som opponentar.
(5) Vurderingskomitéen avtalar sjølv arbeidsfordelinga seg imellom.
(6) I særlege høve kan det oppnemnast opponentar som ikkje har vore medlemer av komitéen.
(7) Disputasen vert leia av dekan eller den som dekan utpeikar. Den som leier disputasen gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga og vurderinga av henne. Deretter gjer ph.d.-kandidaten greie for føremålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Vurderingskomitéen avgjer sjølv rekkjefylgja på opponentane.
(8) Etter at alle opponentar har avslutta sin opposisjon, får dei andre som er til stades høve til å kommentere ex auditorio.
(9) Vurderingskomitéen gjev innstilling til Høgskulen om disputasen bør godkjennast. Innstillinga skal grunngjevast dersom disputasen vert tilrådd ikkje godkjend.
Denne regelen beskriver hvordan den offentlige forsvaringen av en ph.d.-avhandling skal gjennomføres. Den forklarer hvem som leder seansen, hvem som fungerer som opponenter, og hvordan selve prosessen med presentasjon og kommentarer foregår.AI