Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 24-4. Krav ved fellesgrader og cotutelle

Forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda·Kapittel VI. Klage, ikraftsetjing og overgangsreglar

Krav ved fellesgrader og cotutelle

(1) Det kan ikkje gjerast unnatak for kvalifikasjonskrav for opptak, krav om at avhandlinga skal vere offentleg tilgjengeleg og krav om offentleg disputas med ein habil vurderingskomité. (2) Ved avtalar om fellesgradssamarbeid og cotutelle kan rektor dispensere frå forskrifta dersom det er naudsynt av omsyn til regelverket ved dei samarbeidande institusjonane. Slike unnatak skal, både einskildvis og samla, framstå som fullt ut forsvarlege ut frå dei faglege kvalitetskrava som vert stilt til ein tilsvarande ph.d.-grad ved Høgskulen. (3) Avtalar om fellesgrad og cotutelle må som eit minimum regulere opptak, finansiering, opplæringsdel, rettleiing, opphald ved institusjonane, rapporteringsplikt, språket i avhandlinga, form på avhandlinga, vurdering, gradstildeling, vitnemål og rettar til resultat. Avtalen vert underteikna av rektor. Ph.d.-utdanninga ved samarbeidsinstitusjonen må også ha eit omfang av tre års normert studietid. Kandidaten må takast opp ved begge institusjonane.

Det er visse krav til ph.d.-graden som aldri kan vike, slik som krav til opptak, offentleg tilgjengeleg avhandling og offentleg disputas. Ved fellesgrader kan rektor gi dispensasjon dersom det er nødvendig for samarbeidet, så lenge den faglege kvaliteten er ivaretatt.AI

Les hele forskriften i sammenheng →