Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7-1. Oppnemning av rettleiarar

Oppnemning av rettleiarar

(1) Ph.d.-kandidaten skal som hovudregel ha minst to rettleiarar, der ein er oppnemnd som hovudrettleiar. Hovudrettleiar skal normalt vere tilsett ved Høgskulen og vert oppnemnd i samband med opptaktsvedtaket. (2) Hovudrettleiaren har det faglege hovudansvaret for kandidaten. Dersom det vert oppnemnd ekstern hovudrettleiar, skal det oppnemnast ein medrettleiar som er vitskapleg tilsett ved Høgskulen. (3) Medrettleiarar er fagpersonar som gjev rettleiing og som deler det faglege ansvaret for kandidaten med hovudrettleiar. (4) Habilitetsreglane i forvaltningslova andre kapittel «Om ugildhet» gjeld for rettleiarane. Utfyllande retningslinjer for det einskilde programmet utdjupar dette. (5) Alle rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innafor fagfeltet og vere aktive forskarar. Minst ein av dei oppnemnde rettleiarane bør ha tidlegare erfaring frå eller opplæring i rettleiing av ph.d.-kandidatar. (6) Ph.d.-kandidat og rettleiar kan saman eller kvar for seg be doktorgradsutvalet om å oppnemne ein annan rettleiar for kandidaten. Rettleiar kan ikkje slutte før ny rettleiar er oppnemnd. Usemje om rettleiar og kandidat sine faglege rettar og plikter kan partane melde inn til doktorgradsutvalet for avgjerd.

En ph.d.-kandidat skal normalt ha minst to veiledere, hvorav én er hovedveileder med det faglige hovedansvaret. Veilederne må ha doktorgrad eller tilsvarende kompetanse og være aktive forskere. Det er mulig å be om bytte av veileder gjennom doktorgradsutvalget.AI

Les hele forskriften i sammenheng →