Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 8-1. Føremål, innhald og omfang

Føremål, innhald og omfang

(1) Ph.d.-utdanninga skal vere lagt opp slik at ho skal kunne fullførast innafor normert tidsramme. (2) Doktorgradsutvalet har ansvar for at opplæringsdelen, saman med avhandlingsarbeidet, gjev utdanning på høgt fagleg nivå og i samsvar med internasjonal standard, med gjennomføring av eit vitskapleg arbeid, trening i fagleg formidling og innføring i forskingsetikk, vitskapsteori og vitskapleg metode. Opplæringa skal saman med forskingsarbeidet verke til å oppnå forventa læringsutbytte i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket. (3) Opplæringsdelen skal ha eit samla omfang på minst 30 studiepoeng. Retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet kan fastsetje større omfang enn minimumskravet. Det kan også fastsetjast krav til obligatoriske emne i opplæringsdelen. Element som skal gå inn i opplæringsdelen kan normalt ikkje vere eldre enn to (2) år ved opptaksdato. (4) Høgskulen er ansvarleg for å gje alle ph.d.-studentar tilbod om opplæring på høgt vitskapleg nivå. Retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet gjer greie for opplæringsdelen og kriteria for godkjenning. Om Høgskulen ikkje arrangerer heile opplæringsdelen sjølv, skal det leggjast til rette for at kandidaten kan ta del i tilsvarande opplæring ved ein annan institusjon som gjev godkjend ph.d.-utdanning. (5) Kurs på doktorgradsnivå ved ein annan institusjon skal godkjennast når dei fyller dei faglege krava i opplæringsdelen, i samsvar med reglane i lov om universiteter og høyskolar § 9-1.

Ph.d.-utdanningen skal legges opp slik at den kan fullføres innen normert tid. Utdanningen består av avhandlingsarbeid og en opplæringsdel som skal holde høy faglig og internasjonal standard.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 9-1

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 8-1 i forskrift-om-graden-philosophiae-doctorved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →