Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 15-3. Innstillinga frå vurderingskomitéen

Innstillinga frå vurderingskomitéen

(1) Vurderingskomitéen gjev innstilling om i kva grad arbeidet er verdig til forsvar for ph.d.-graden. Innstillinga og eventuelle dissensar skal grunngjevast. (2) Vurderingskomitéen si innstilling skal liggje føre seinast tre (3) månader etter at komitéen har motteke avhandlinga. Om komitéen tilrår omarbeiding, og avdelinga gjev løyve til det, startar ein ny frist frå den datoen avhandlinga vert levert på nytt. (3) Vurderingskomitéen si innstilling skal sendast til avdelinga som legg henne fram for ph.d.-kandidaten. Kandidaten får ein frist på ti (10) arbeidsdagar til å fremje skriftlege merknader til innstillinga. Om kandidaten ikkje ynskjer å fremje merknader, skal avdelinga snarast få skriftleg melding om det. (4) Eventuelle merknader frå ph.d.-kandidaten skal sendast til avdelinga. Avdelinga gjer vedtak i saka i samsvar med § 16.

En vurderingskomité avgjør om en avhandling er god nok til å forsvares for ph.d.-graden. Kandidaten kan gi skriftlige merknader til komiteens innstilling før avdelingen tar en endelig beslutning.AI

Se ogsåForskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda § 16

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 15-3 i forskrift-om-graden-philosophiae-doctorved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →