Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 18-2. Offentleggjering

Offentleggjering

(1) Avhandlinga skal vere offentleg tilgjengeleg seinast to (2) veker før dato for offentleg forsvar. Avhandlinga skal vere tilgjengeleg i den forma ho vart levert til vurdering, eventuelt etter omarbeiding på grunnlag av førebelse kommentarar frå komitéen, jf. § 15-2. (2) Det kan ikkje leggast restriksjonar på offentleggjering av ei doktorgradsavhandling med unnatak av om det på førehand er avtalt utsetjing av datoen for offentleggjering. Ei slik utsetjing kan skje for at Høgskulen og eventuelt ekstern part som heilt eller delvis har finansiert ph.d.-utdanninga, skal kunne ta stilling til eventuell patentering. Ekstern part kan ikkje stille krav om at heile eller delar av ph.d.-avhandlinga ikkje skal kunne offentleggjerast, jf. § 5-5. (3) Ved publisering av avhandlinga skal kandidatar fylgje gjeldande retningslinjer for kreditering av Høgskulen. Hovudregelen er at ein institusjon skal oppgjevast som adresse i ein publikasjon om han har gjeve eit naudsynt og vesentleg bidrag til eller grunnlag for at ein forfattar har medverka til det publiserte arbeidet. (4) Same forfattar skal oppgje også andre institusjonar som adresse om desse i kvart einskilt høve tilfredsstiller kravet til medverknad.

Doktoravhandlingen skal være offentlig tilgjengelig senest to uker før det offentlige forsvaret. Det er som hovedregel ikke lov å legge restriksjoner på offentliggjøringen, men datoen kan utsettes for å vurdere patentering.AI

Se ogsåForskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda § 15-2Forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda § 5-5

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 18-2 i forskrift-om-graden-philosophiae-doctorved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →