Forskrift
Nynorsk
§ 5-4. Ph.d.-avtalen
Ph.d.-avtalen
(1) Opptak til ph.d.-utdanning skal formaliserast i ein skriftleg avtale. Avtalen vert inngått mellom ph.d.-kandidat, rettleiar(ar), Høgskulen og eventuelt også med eksterne partar. Avtalen regulerer dei gjensidige rettane og pliktene til partane. Avtalen skal innehalde tema for avhandlinga, avtaleperiode, finansieringsplan, rettleiingsforhold, arbeidsstad og opplæringsdel. Høgskulen fastset avtaleskjema.
(2) Avtalen skal liggje føre innan tre (3) månader etter opptaktsvedtak.
(3) Endringar i innhaldet i avtalen skal godkjennast av Høgskulen.
Opptak til ph.d.-utdanning skal bekreftes gjennom en skriftlig avtale som beskriver partenes rettigheter og plikter. Avtalen skal inneholde detaljer om avhandlingen, finansiering og opplæring. Endringer i avtalen krever godkjenning fra høyskolen.AI