Hopp til innhold
Forskrift
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om vern av Kurv frå Valdres som geografisk nemning

Forskrift om Kurv frå Valdres

forskrift/2011-04-07-367·4 paragrafer·Utforsk grafen
I kraft 2011-04-07Kunngjort 2011-04-08

Verna produktnemning

Kurv frå Valdres.

Navnet Kurv frå Valdres er en verna produktnemning.AI

Rettmessig brukar

Kurv frå Valdres BA.

Bestemmelsen fastslår at det er Kurv fra Valdres BA som er den rettmessige brukeren.AI

Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktskildring Kurv frå Valdres er spekjepølse laga i samsvar med gammal tradisjon i Valdres. Nemninga omfattar tre hovudtypar: storfe, småfe og vilt. Kurv frå Valdres skal vere urøykt. Kurv frå Valdres finst i eit mangfald av storleikar og former. Kurven skal ha mørk ytterkant og raudfarga kjerne og er kjenneteikna ved ein søtleg smak og variabel konsistens. Kurven kan vere både finhakka og grovhakka. 2. Geografisk område Kurv frå Valdres skal vere foredla i regionen Valdres, som omfattar kommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre. 3. Produksjonsmetode Til foredling av Kurv frå Valdres kan det brukast ulike typar kjøtt avhengig av type spekjepølse. Nærmare krav til innhald av kjøttråvare i dei tre hovudtypane er sette opp i tabell 1. Tabell 1 Krav til råvareinnhald i Kurv frå Valdres Råvare Kurv frå Valdres Storfe Kurv frå Valdres Småfe Kurv frå Valdres Vilt Storfekjøtt ≥ 35 % Småfekjøtt ≥ 40 % Viltkjøtt ≥ 40 % Spekk/småflesk ≤ 30 % ≤ 30 % ≤ 30 % Andre ingrediensar som kan brukast til foredling av Kurv frå Valdres, er blod eller hemoglobin, innmat, potet, løk og krydder. Raudvin, sirup, saft, øl og sprit kan brukast som smakstilsetjing. Det skal ikkje brukast startarkultur ved foredling av Kurv frå Valdres. Kjøtt, spekk/småflesk og eventuelt løk skal kvernast ein gong. Alle ingrediensane i deigen skal deretter hakkast til ønskt konsistens før deigen blir elta i eltemaskin. Ferdig elta deig skal stappast i naturtarm eller lerretstarm før endane blir påsette klips eller knytte. Foredling av kurv skal skje i tidsrommet frå 1. november til 1. april. Temperatur og luftråme skal målast minst éin gong i veka og regulerast ved opning eller lukking av lufttilførselen. I nødstilfelle kan det brukast vifter. Kunstig regulering av klimaet ved hjelp av klimarom skal ikkje brukast. Berre spekjepølser som har hatt ein vektreduksjon på minimum 30 % og vassaktivitet på maksimum 0,8 aw, kan bruke nemninga Kurv frå Valdres. 4. Merking av produktet Kurv frå Valdres kan merkjast med teksten og figurmerket for beskytta geografisk nemning. Kurv frå Valdres skal brukast som produktnamn (hovudvarenemning) med tilleggsnemningane storfe, småfe eller vilt.

Iverksetjing

Forskrifta blir sett i verk straks.

Denne forskriften trer i kraft med en gang.AI

Vedlegg

Vedlegg. Utgreiing om produktopphavet og tilknytinga til det geografiske området

I Valdres er det lang tradisjon for å lage spekjepølse. Av oppskriftene som blir brukte i dag, veit vi at nokon i alle fall kan førast tilbake til ca. 1910, men dei er truleg mykje eldre. Spekjepølse vart laga for å konservere kjøtt og innmat som ikkje vart utnytta på annan måte etter haustslaktinga på gardane. Profesjonelle produsentar har no teke over størstedelen av produksjonen i Valdres, men framleis kan nesten alle personar i regionen over 60 år fortelje om at det blei laga spekjepølse heime da dei voks opp. Kurv er ei nemning som i lang tid har vore brukt om alle typar spekjepølse i Valdres, uavhengig av kva for råvare som er brukt. Både kjøttype og mengda av innmat varierte mykje, avhengig av tilgjengeleg råvare og om det skulle lagast festkurv eller kvardagskurv. Særpreget til Kurv frå Valdres skriv seg frå dei naturgitte føresetnadene i Valdres og den tradisjonelle foredlingsmetoden utan bruk av startarkultur. Klimaet i Valdres i foredlingsperioden frå 1. november til 1. april er tørt og kjølig, noko som er gunstig for naturtørking. I tillegg til klimaet vil det i hovudsak vere vekstforholda til bakteriefloraen på foredlingsstaden (husfloraen) som styrer utviklinga av produktet.

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva er den verna produktnemningen i denne forskriften?

Navnet Kurv frå Valdres er en verna produktnemning.

Åpne § 1
Hvem er rettmessig bruker?

Bestemmelsen fastslår at det er Kurv fra Valdres BA som er den rettmessige brukeren.

Åpne § 2
Når begynner reglene i forskriften å gjelde?

Denne forskriften trer i kraft med en gang.

Åpne § 4