Hopp til innhold
Forskrift

§ 10. Tildeling av løyve i Finnmark og Troms

Forskrift om løyve til havbruk med matfisk·Kapittel II. Gruppe A – Finnmark og Troms

Tildeling av løyve i Finnmark og Troms

Inntil 10 løyve på 945 tonn maksimalt tillaten biomasse kan tildelast i kvart av fylka Finnmark og Troms. Fem av løyva i kvart fylke er reservert aktørar som har 1 til og med 19 løyve (mindre aktørar) til oppdrett med laks, aure og regnbogeaure. Om ikkje alle løyva til dei mindre aktørane blir tildelt, kan dei som er att tildelast til større aktørar. Det er eit krav for å gi tilsegn om løyve at søkjaren forpliktar seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane ved at løysinga a) reduserer risikoen for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming. Løysinga skal vere knytt til akvakulturanlegget eller biomassen i anlegget, eller b) sikrar at det heile tida er færre enn 0,25 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk, jf. forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg § 6, eller at utsleppet av egg og frittsymjande stadier av lakselus til miljøet ikring ikkje er større enn det utsleppet ville vore frå tilsvarande tal på fisk med eit lusenivå på 0,25 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus. I prioriteringa mellom søkjarar som oppfyller kriteria i tredje ledd, skal dei søknadene som har størst potensial for samla miljøforbetring etter kriteria i tredje ledd prioriterast. Tildelingsstyresmaktene skal vidare leggje vekt på om det er mogleg å kontrollere og føre tilsyn med at løysinga fungerer etter formålet. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje prioritere søknader som skildrar løysingar som tildelingsstyresmaktene meiner det ikkje vil vere forsvarleg å nytte i praksis, jf. akvakulturlova § 10 og § 12. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje vurdere forhold – med unntak for det som følgjer av kriteria ovanfor – som blir vurdert ved klarering av lokalitet. I vurderinga etter tredje og fjerde ledd skal det leggjast vekt på graden av sannsyn og dokumentasjon for at løysinga søkjaren har foreslått vil verke etter formålet.

Se ogsåForskrift om lakselusbekjempelse § 6Akvakulturloven § 10Akvakulturloven § 12

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 10 i forskrift-om-løyve-til-havbruk-med-matfisk.

Les hele forskriften i sammenheng →