Hopp til innhold
Forskrift

§ 13. Vilkår for prekvalifisering og fordeling av løyve

Forskrift om løyve til havbruk med matfisk·Kapittel III. Gruppe B – Open gruppe med lukka bodrunde

Vilkår for prekvalifisering og fordeling av løyve

For å vere kvalifisert for å delta i bodrunden, må søkjaren forplikte seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane ved at løysinga a) Reduserer risikoen for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming. Løysinga skal vere knytt til akvakulturanlegget eller biomassen i anlegget, eller b) sikrar at det heile tida er færre enn 0,25 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk, jf. forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg § 6, eller at utsleppet av egg og frittsymjande stadier av lakselus til miljøet ikring ikkje er større enn det utsleppet ville vore frå tilsvarande tal på fisk med eit lusenivå på 0,25 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus. Det er eit krav at løysinga som søkjaren forpliktar seg til å ta i bruk blir vurdert å vere forsvarleg å bruke i praksis, jf. akvakulturlova § 10 og § 12. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje – med unntak for det som følgjer av kriteria ovanfor – vurdere forhold som blir vurdert ved klarering av lokalitet. Faggruppa vurderer om prekvalifiseringsvilkåra er oppfylte for den einskilde søknad, og gjer eventuelt vedtak om avslag. Avslag kan klagast inn for departementet etter føresegna i forvaltningslova. Når departementet har avgjort eventuelle klagesaker etter tredje ledd, opnar faggruppa i internt møte boda frå dei prekvalifiserte og rangerer boda frå høgast til lågast. Rangering av bod med same pålydande blir avgjort av faggruppa ved loddtrekking. Prekvalifiserte søkjarar med høgaste bod vil få tilsegn om løyve innanfor den kunngjorde mengda løyve, jf. § 11.

Se ogsåForskrift om lakselusbekjempelse § 6Akvakulturloven § 10Akvakulturloven § 12Forskrift om løyve til havbruk med matfisk § 11

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 13 i forskrift-om-løyve-til-havbruk-med-matfisk.

Les hele forskriften i sammenheng →