Hopp til innhold
Forskrift

§ 14. Tildeling av løyve uavhengig av region

Forskrift om løyve til havbruk med matfisk·Kapittel IV. Gruppe C – Open gruppe

Tildeling av løyve uavhengig av region

Det kan tildelast inntil 10 løyve uavhengig av fylke eller region. Løyve som blir tildelt Finnmark eller Troms skal ha en maksimalt tillaten biomasse på 945 tonn. I resten av landet skal maksimalt tillaten biomasse vere 780 tonn. Det er eit krav for å gi tilsegn om løyve at søkjaren forpliktar seg til å ta i bruk teknologiske eller driftsmessige løysingar som, samanlikna med løysingar som er i alminneleg kommersiell bruk, reduserer miljøutfordringane vesentleg ved at løysinga a) gir vesentleg mindre risiko for at akvakulturproduksjonen vil påverke vill laksefisk som følgje av rømming. Løysinga skal vere knytt til akvakulturanlegget eller biomassen i anlegget, eller b) sikrar at det heile tida er færre enn 0,1 vaksne holus av lakselus (Lepeophtheirus salmonis) i gjennomsnitt per fisk, jf. forskrift 5. desember 2012 nr. 1140 om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg § 6, eller at utsleppet av egg og frittsymjande stadier av lakselus til miljøet ikring ikkje er større enn det utsleppet ville vore frå tilsvarande tal på fisk med eit lusenivå på 0,1 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk. Grensa skal kunne haldast ved bruk av maksimalt 3 medikamentelle behandlingar mot lakselus per produksjonssyklus. I prioriteringa mellom søkjarar som oppfyller krava i andre ledd, skal dei søknadene som har størst potensial for samla miljøforbetring etter kriteria i andre ledd prioriterast. Tildelingsstyresmaktene skal vidare leggje vekt på om det er mogleg å kontrollere og føre tilsyn med at løysinga fungerer etter formålet. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje prioritere søknader som skildrar løysingar som tildelingsstyresmaktene meiner det ikkje vil vere forsvarleg å nytte i praksis, jf. akvakulturlova § 10 og § 12. Tildelingsstyresmaktene skal ikkje – med unntak for dei som følgjer av kriteria ovanfor – vurdere forhold som blir vurdert ved klarering av lokalitet. I vurderinga etter tredje ledd skal det leggjast vekt på graden av sannsyn og dokumentasjon for at løysinga søkjaren har foreslått vil verke etter formålet.

Se ogsåForskrift om lakselusbekjempelse § 6Akvakulturloven § 10Akvakulturloven § 12

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 14 i forskrift-om-løyve-til-havbruk-med-matfisk.

Les hele forskriften i sammenheng →