Hopp til innhold
Forskrift
Justis- og beredskapsdepartementet

Forskrift om målingsmåten i lov om rettshøve mellom grannar 16. juni 1961 nr. 15 § 3.

Forskrift om målingsmåten i granneloven § 3

forskrift/1961-12-22-4·Utforsk grafen
I kraft 1962-01-01

Med heimel i § 3 første leden i lov frå 16. juni 1961 om rettshøve mellom grannar vert det fastsett desse føresegnene om målingsmåten:

Trehøgda skal målast i loddrett line frå grunnen der treet (stomnen) står og til høgste punktet i trekrona.

Fråstandet til hus, hage, tun eller dyrka jord på granneeigedomen skal målast i vassrett line frå næraste ytterkant på trestomnen. Når trestomnen ikkje hallar nemnande, kan målet takast i ei lagleg høgd frå bakken, men elles skal målet takast i ei høgd som svarar til halve trehøgda (sjå ovanfor) eller – om sjølve stomnen er lågare – i høgd med øvste punktet på stomnen.