Hopp til innhold
Forskrift
Kultur- og likestillingsdepartementet

Forskrift om bruken av midlar frå Norsk kulturfond.

Forskrift om Norsk kulturfonds midler

forskrift/1965-06-19-3582·Sist endret 22. desember 1989·Utforsk grafen
Sist endret ved forskrift/1989-12-22-1273

Tiltak til å fremje norske litteratur. Det er utarbeidd særlege reglar for bruk av midlar til slike tiltak. Tiltak til å fremje norsk musikkliv. Tiltak til å fremje norsk biletkunst, og kjøpe inn biletkunst til offentlege kunstsamlingar og til offentleg utsmykking. Tiltak til å fremje norsk filmkunst. Tiltak til å skape betre utdanningsvilkår for norske kunstnarar, såleis òg betre høve til vidare utdanning. Kulturverntiltak, såleis òg vern av samisk kultur. Stønad til finansiering av kulturbygg. Tiltak som er med og skaper eit rikare kulturmiljø i bygd og by, og ei vakrare utforming av omgivnaden vår. Tiltak som kan gi letta tilgjenge til god kunst og skape auka skjønsemd for dei verde den gir. Initiativ og stønad til større kulturelle eingongstiltak, som t.d. kunstnarlege innslag i nasjonale jubilé og minnehøgtider, og større eingongsturnéar frå kunstinstitusjonar.