Forskrift
Nynorsk
§ 1-2. Definisjonar
Definisjonar
Emne er den minste eininga med vurdering som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbyte som er fastsett i ein emneplan.
Studiepoeng er eit mål på omfanget av emne og arbeidsbelastninga til studenten. Eit studieår på fulltid vil i omfang og læringsutbyte tilsvare 60 studiepoeng, jf. uhl. § 11-2.
Studieprogram er ei samling emne med eit samla læringsutbyte som er fastsett i studieplan, som søkarar kan få opptak og studierett til. Eit studieprogram er kjenneteikna ved at det ikkje er nødvendig å søke om nytt opptak for å ta nye emne innanfor studieprogrammet.
Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar og beskriv mellom anna opptakskrav, innhald, emne og læringsutbyte i eit studieprogram, jf. uhl. § 11-1.
Rammeplan er ein plan som fastset nasjonale rammer for eit studieprogram.
Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom ein student og høgskulen med plan for gjennomføring av studieprogrammet studenten er teken opp til, jf. uhl. § 11-3.
Opptak viser til søknadsprosessen ein søkar går gjennom for å få studierett til eit studium.
Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.
Søkar er ein person som har lagt inn ein søknad om opptak til Høgskulen i Volda.
Student er ein person som gjennom opptak etter uhl. kapittel 8 i er teken opp til studium ved Høgskulen i Volda.
Denne bestemmelsen forklarer sentrale begreper som brukes ved studier ved Høgskulen i Volda. Den definerer hva som menes med emner, studiepoeng, studieprogram, planer og hvem som regnes som søker eller student.AI
Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-2Universitets- og høyskoleloven § 11-1Universitets- og høyskoleloven § 11-3
Sammenheng
Se også3
Koblinger for § 1-2 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.