Forskrift
Nynorsk
§ 10-5. Fusk på eksamen og med obligatoriske aktivitetar
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 10. Sensur og klage på sensur
Fusk på eksamen og med obligatoriske aktivitetar
(1) Fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk ligg føre når ein student handlar i strid med denne forskrift § 10-5, eller i strid med reglane for gjennomføring av eksamen eller obligatorisk aktivitet, på ein slik måte at handlinga kan vere eigna til å gi ein urettmessig fordel for studenten sjølv eller for andre.
(2) Følgjande blir rekna som fusk:
a) Studenten har ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen.
b) Studenten bruker lovlege hjelpemiddel på ein uriktig måte.
c) Studenten presenterer andre sitt arbeid som sitt eige utan tilstrekkeleg kjeldetilvising eller markering av sitat.
d) Studenten leverer eit arbeid av praktisk eller kunstnarisk art som er laga av andre enn dei sjølve.
e) Studenten leverer eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve som er utarbeidd av andre personar eller funksjonar som sitt eige arbeid.
f) Studenten har fiktive kjelder, informantar eller data (fabrikkering eller forfalsking av data).
g) Studenten bruker sitt eige arbeid som tidlegare har gitt utteljing (bestått eksamen eller godkjent arbeidskrav), utan tilstrekkeleg kjeldetilvising til sitt eige arbeid. Gjenbruk av eigne tidlegare arbeid som har gitt utteljing, kan tillatast dersom dette følgjer av emneplanen eller eksamensoppgåva.
h) Studenten har skaffa seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startar.
i) Studenten skaffar seg tilgang til eksamen ved å fuske med ein obligatorisk aktivitet eller ved å få godkjenning for deltaking i ein obligatorisk aktivitet på uriktig grunnlag.
j) Studentane utformar eit eksamensarbeid eller ei eksamensoppgåve til individuell eksamen i fellesskap eller deltar på ein annan måte i eit ulovleg samarbeid under eksamen.
(3) Ein student kan mistenkast for fusk frå det tidspunkt ein eksamen eller obligatorisk aktivitet har starta. Ein eksamen eller obligatorisk aktivitet blir som hovudregel rekna som starta når oppgåveteksten er utlevert eller problemformuleringa er godkjend. Dersom det blei gjennomført kontroll av lovlege hjelpemiddel før oppgåveteksten er utlevert, blir eksamenen rekna som starta frå det tidspunktet studenten har levert inn hjelpemidla sine for kontroll.
(4) Ved gruppeeksamen eller gruppeoppgåver har heile gruppa ansvar for å sørgje for at innleveringa er komplett. Om innleveringa ikkje er i tråd med kjeldereglar og retningslinjer for eksamen, kan alle gruppedeltakarane bli mistenkte for fusk.
(5) Når det under eksamen med tilsyn oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på mistanken og på at saka vil bli undersøkt nærmare. Tilsvarande gjeld også ein student som yter hjelp til éin eller fleire medstudentar. Studenten eller studentane kan velje å halde fram eller avbryte eksamenen.
(6) Det er fastsett eigne retningslinjer om fusk og sakshandsaminga i saker som gjeld fusk og forsøk på fusk.
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 10-5 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.