Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 3-1. Generelle føresegner

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak

Generelle føresegner

(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gir studiepoeng ved Høgskulen i Volda, er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning. For søkarar til andre studietilbod gjeld i tillegg krav som er fastsette i eller har heimel i inneverande forskrift, studieplan, emneplan eller i forskrifter om rammeplanar. (2) Spesielle opptakskrav til studietilbod som ikkje blir omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning, skal fastsetjast i studieplanen eller emneplanane til studietilbodet. (3) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for opptak, medrekna reglar for poengberekning og rangering.

Les hele forskriften i sammenheng →