Forskrift
Nynorsk
§ 7-8. Utveksling til utlandet
Utveksling til utlandet
(1) Høgskulen i Volda tilbyr utveksling til utlandet for studentar på fleirårige studieprogram.
(2) Ein bachelorgradsstudent skal normalt ha fullført og bestått første studieår (60 studiepoeng) ved Høgskulen i Volda før utreise. Dei studieprogramansvarlege kan i enkelttilfelle bestemme at ein student som ikkje har fullført 60 studiepoeng, likevel skal få reise på utveksling.
(3) Ein mastergradsstudent må ha fullført og bestått første semester (30 studiepoeng) ved Høgskulen i Volda før utreise. Dei studieprogramansvarlege kan i enkelttilfelle bestemme at ein student som ikkje har fullført 30 studiepoeng, likevel skal få reise på utveksling.
(4) Studenten må inngå ein avtale om førehandsgodkjenning for godskriving i utdanningsplanen. Avtalen skal vere signert av studenten og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, og dessutan av vertsinstitusjonen dersom dette er eit krav.
(5) Ein student som ikkje fullfører i tråd med førehandsgodkjenninga, må be om ei ny vurdering om godskriving når utvekslingsopphaldet er avslutta.
(6) Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe visum, ta vaksinar og kjøpe forsikringar som trengst til utvekslingsopphaldet, og andre forhold som studenten bør vite om.
(7) Under utvekslingsopphaldet må studenten vere semesterregistrert og betale semesteravgift til Høgskulen i Volda.
(8) Etter at utvekslingsopphaldet er gjennomført, skal studenten levere ein rapport om opphaldet.
(9) Etter at utvekslingsopphaldet er gjennomført, skal studenten levere gyldig dokumentasjon frå vertsinstitusjonen i form av ei karakterutskrift, så snart sensuren er klar. Berre gyldig dokumentasjon med fullført resultat vil bli lagd inn som del av utdanninga.
(10) Høgskulen i Volda er ikkje juridisk ansvarleg for ein student på utvekslingsavtale, men har plikt til å gi nødvendig informasjon om visum, forsikring og andre forhold som studenten bør vite om.
(11) Ein utvekslingsstudent kan ikkje vere under særskild skikkavurdering, jf. uhl. § 12-3 og forskrift til universitets- og høyskoleloven kapittel 7.
Sammenheng
Koblinger for § 7-8 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.