Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7-9. Overgang mellom studieprogram

Overgang mellom studieprogram

(1) Ein student kan normalt få overgang frå eit årsstudium til eit bachelorstudium innanfor same fagområde dersom a) studenten har fått studierett gjennom ordinært opptak, har møtt til studiestart og har registrert seg på det studieprogrammet vedkomande blei oppteken til, og b) studieprogrammet studenten søker overgang til, ikkje er lukka ved poengrangering, og c) studenten oppfyller opptakskravet til studieprogrammet. (2) Dersom studieprogrammet er lukka med poengrangering, kan overgang vurderast dersom studenten sin poengsum er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak. (3) Ein student som får innvilga overgang, mistar studieretten til studieprogrammet vedkomande søker overgang frå, og får tildelt ny studierett ved det nye studieprogrammet. (4) Studentar som ønskjer overgang til eit studieprogram som ikkje er dekt av denne overgangsordninga, må søke om opptak på vanleg måte. (5) Studentar må søke om overgang innan den fastsette fristen.

En student kan normalt bytte fra et årsstudium til et bachelorstudium innen samme fagområde. Dette krever at studenten oppfyller opptakskravene og at studiet ikke er fullt. Ved overgang får studenten ny studierett og mister retten til det gamle studiet.AI

Les hele forskriften i sammenheng →