Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-2. Vilkår for å ta eksamen

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer

Vilkår for å ta eksamen

(1) Vilkår for å ta eksamen skal gå fram av emneplanen. Det kan stillast krav i emneplanen om obligatorisk oppmøte eller deltaking eller obligatoriske arbeidskrav. Dersom det blir stilt krav om obligatorisk oppmøte eller deltaking eller obligatoriske arbeidskrav, må dette vere bestått før studenten kan ta eksamen, jf. uhl. § 11-4 andre ledd. Tilsvarande kan det stillast krav i studie- eller emneplanen om at særskilde eksamenar skal vere bestått, eller at studenten skal ha teke eit minimum av studiepoeng, før studenten kan melde seg til undervisning eller eksamen i eitt eller fleire andre emne eller fortsetje studiet. (2) Studentar som ikkje har betalt semesteravgift etter forskrift om studentsamskipnader § 17 innan fristen, eller som ikkje har betalt anna avgift fastsett i samsvar med forskrift til universitets- og høyskoleloven, har ikkje rett til å ta eksamen.

Krava for å kunne ta eksamen står i emneplanen. Dette kan inkludere obligatorisk oppmøte, arbeidskrav eller beståtte emne. Ein må også ha betalt semesteravgift og andre lovbestemte avgifter for å ha rett til eksamen.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-4Forskrift om studentsamskipnader § 17

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 9-2 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.

Les hele forskriften i sammenheng →