Forskrift
Nynorsk
§ 3-5. Dokumentasjon
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak
Dokumentasjon
(1) All utdanning, praksis og andre forhold som skal gi grunnlag for opptak, må vere dokumentert innan søknads- eller innsendingsfristen går ut. Ein søkjar som avsluttar utdanning som gir grunnlag for opptak etter at søknads- eller innsendingsfristen går ut, må sende inn foreløpig dokumentasjon innan søknadsfristen. Søkjaren skal på fastsett måte og innan fastsett frist sende inn endeleg dokumentasjon.
(2) Søkjaren pliktar å orientere seg om kva slags dokumentasjon som er nødvendig for at søknaden skal kunne handsamast.
(3) Dokumentasjon på utdanning som er under fullføring i opptakssemesteret, skal ettersendast snarast råd og seinast innan den kunngjorde fristen.
(4) Ein student må ved førespurnad vise fram originaldokumenta som er grunnlag for opptak til studium. Ein student som ikkje viser fram førespurde originaldokument for kontroll og godkjenning, kan få avslag på søknaden om opptak.
Alle kvalifikasjoner som danner grunnlag for opptak må dokumenteres innen fristen. Hvis utdanningen ikke er fullført, må det sendes foreløpig dokumentasjon først. Studenter må kunne vise fram originaldokumenter ved forespørsel.AI
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3-5 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.