Forskrift
Nynorsk
§ 7-6. Obligatorisk aktivitet – frammøte og deltaking
Obligatorisk aktivitet – frammøte og deltaking
(1) Dersom det blir stilt krav om obligatorisk frammøte eller deltaking, skal det gå fram av emneplanen. Obligatorisk frammøte eller deltaking skal vere gjennomført og godkjent for at studenten kan gå opp til eksamen og fortsetje studiet.
(2) I emne med obligatorisk frammøte eller deltaking blir det kravd minst 80 prosent frammøte eller deltaking for å kunne gå opp til eksamen. Andre grenser kan fastsetjast i emneplanen, jf. første ledd.
(3) Ved krav om obligatorisk frammøte eller deltaking blir det ført logg over frammøtet til kvar student.
(4) Studenten skal halde seg orientert om fråværet sitt.
(5) Ein student som av særskilde grunnar ikkje klarer å innfri det obligatoriske kravet til frammøte eller deltaking, kan søkje om dispensasjon frå frammøtekravet innan rimeleg tid før undervisningsperioden er ute. Særskilde grunnar betyr medisinsk grunn eller velferdsgrunn. Søknaden skal vere dokumentert med attest frå lege eller ein annan sakkunnig. Studenten kan bli pålagd faglege arbeid som erstatning.
(6) Ein student som har tillitsverv i styringsordningar ved Høgskulen i Volda eller Studentsamskipnaden i Volda, verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar, politiske verv eller plikter i offentleg valde organ, kan søkje om fritak frå heile eller delar av kravet om obligatorisk frammøte.
(7) Obligatorisk frammøte eller deltaking blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent. Det er ikkje klagerett på vurderinga av ikkje godkjent frammøte eller deltaking. Det kan gjerast vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen dersom studenten ikkje har fått godkjent obligatorisk frammøte eller deltaking. Studenten kan klage på vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen.
(8) Ein student som mistar retten til å gå opp til eksamen i emnet, må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring.
(9) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 7-6 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.