Forskrift
Nynorsk
§ 7-7. Obligatorisk aktivitet – arbeidskrav
Obligatorisk aktivitet – arbeidskrav
(1) Dersom det blir stilt krav om arbeidskrav, skal det gå fram av emneplanen. Arbeidskrav skal vere gjennomførte og godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen og fortsetje studiet.
(2) Dersom ein student ikkje kan gjennomføre og levere eit arbeidskrav innan den fastsette fristen, kan studenten søkje om utvida frist innan rimeleg tid før fristen for levering går ut. Søknaden skal vere grunngitt.
(3) Ein student som ikkje får godkjent, ikkje leverer eller ikkje møter til eit arbeidskrav, har brukt eitt forsøk og får eitt andre forsøk på å fullføre arbeidskravet.
(4) Ved dokumentert akutt sjukdom og ved andre særlege tilhøve kan høgskulen der det er fagleg forsvarleg og praktisk mogleg, gi eit tredje forsøk.
(5) Eit arbeidskrav blir vurdert som godkjent eller ikkje godkjent. Det er ikkje klagerett på den faglege vurderinga av ikkje godkjent arbeidskrav. Det kan gjerast vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen dersom studenten ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav. Studenten kan klage på vedtak om tap av retten til å gå opp til eksamen.
(6) Ein student som mistar retten til å gå opp til eksamen i emnet på grunn av manglande godkjenning av arbeidskrav, må melde seg til undervisning og vurdering på nytt ved neste ordinære emnegjennomføring.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.
Arbeidskrav må vere godkjende for at man kan ta eksamen og fortsetje studiet. Man har normalt to forsøk på å fullføre kravet. Det kan klages på vedtak om tap av eksamensrett, men ikke på selve den faglege vurderinga.AI
Sammenheng
Referert av2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 7-7 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.