Forskrift
Nynorsk
§ 7-9. Overgang mellom studieprogram
Overgang mellom studieprogram
(1) Ein student kan normalt få overgang frå eit årsstudium til eit bachelorstudium innanfor same fagområde dersom
a) studenten har fått studierett gjennom ordinært opptak, har møtt til studiestart og har registrert seg på det studieprogrammet vedkomande blei oppteken til, og
b) studieprogrammet studenten søkjer overgang til, ikkje er lukka ved poengrangering, og
c) studenten oppfyller opptakskravet til studieprogrammet.
(2) Dersom studieprogrammet er lukka med poengrangering, kan overgang vurderast dersom studenten sin poengsum er lik eller høgare enn medianen ved siste opptak.
(3) Ein student som får innvilga overgang, mistar studieretten til studieprogrammet vedkomande søkjer overgang frå, og får tildelt ny studierett ved det nye studieprogrammet.
(4) Studentar som ønskjer overgang til eit studieprogram som ikkje er dekt av denne overgangsordninga, må søkje om opptak på vanleg måte.
(5) Studentar må søkje om overgang innan den fastsette fristen.
Reglene forklarer hvordan studenter kan bytte fra et årsstudium til et bachelorstudium innen samme fagområde. Det kreves at studenten har fulgt opptaksprosessen, oppfyller kravene og at det er ledig plass eller tilstrekkelig poengsum.AI
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 7-9 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.