Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 8-4. Ikkje bestått praksis

Ikkje bestått praksis

(1) Dersom det er tvil om studenten vil oppnå læringsutbytet og få bestått praksisperioden, skal studenten ha eit skriftleg varsel så tidleg som mogleg i praksisperioden. Fristar for eit slikt varsel kan vere gitt i nasjonal rammeplan eller forskrift for den einskilde utdanninga. (2) Praksisperioden kan vurderast til «ikkje bestått» ved manglande oppfylling av krav om obligatoriske aktivitetar eller deltaking. (3) Dersom studenten utvilsamt underpresterer med omsyn til læringsutbytet i emnet og dette blir tydeleg i andre halvdel av praksisperioden eller etter det tidspunktet studenten normalt hadde fått skriftleg varsel, jf. første ledd, kan studenten utan varsel få praksisen vurdert til «ikkje bestått». (4) Dersom studenten i praksisperioden har vist handlingar eller åtferd som utgjer ei monaleg fare for liv, fysisk eller psykisk helse for dei som studenten er i kontakt med, eller ved andre klanderverdige forhold som skyldast studenten, kan praksisperioden avbrytast utan varsel. Praksisperioden kan i desse tilfella bli vurdert til «ikkje bestått» og blir rekna som eit forsøk. (5) Ved ikkje bestått praksis skal høgskulen og praksisstaden vurdere om det er grunnlag for å sende tvilsmelding når studenten går på eit studieprogram underlagt skikkavurdering, jf. § 12-3 i lova og universitets- og høyskoleforskriften kapittel 7. (6) Studenten har ikkje klagerett på vedtak om ikkje bestått praksis eller praksisstudium, jf. § 11-10 fjerde ledd i lova.

Reglene beskriver når man kan få ikke bestått i praksis og når praksis kan avbrytes. Det kreves normalt et skriftlig varsel ved tvil om man når målene, men ved grove forhold eller tydelig underprestasjon kan resultatet bli ikke bestått uten varsel. Det er ingen klagerett på slike vedtak.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 12-3Universitets- og høyskoleloven § 11-10

Sammenheng

Se også2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 8-4 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →