Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-11. Privatisteksamen

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer

Privatisteksamen

(1) Privatist viser til ein person slik det står i § 11-4 tredje ledd i lova. (2) Tilgang til eksamen kan nektast dersom privatisten ikkje oppfyller krava som er fastsette i § 11-4 første ledd i lova, krav om obligatoriske aktivitetar, jf. § 7-6, eller krav om bestått eksamen eller godkjend praksis. (3) Det kan fastsetjast ein nærmare frist for å søkje om privatisteksamen. Ein slik frist skal gå fram av retningslinjene for privatisteksamen. (4) Privatisten sine rettar ved høgskulen er avgrensa til deltaking i offentlege forelesingar og tilgang til eksamen i samsvar med lova og med reglane om eksamen i inneverande forskrift. (5) Privatistar må betale semesteravgift, jf. § 11-4 i lova, og eksamensavgift innan den fastsette fristen. Begge avgiftene må vere betalte for at ein skal få tilgang til eksamen. Eksamensavgifta skal fastsetjast i retningslinjene for privatisteksamen og dekkje høgskulen sine meirkostnader ved å leggje til rette for eksamen. (6) Betalt semesteravgift og eksamensavgifta blir ikkje refundert dersom privatisten trekkjer seg frå eksamen. (7) Studentar som er utestengde, jf. lova kapittel 12, har ikkje tilgang til å ta eksamen som privatist. (8) Avgrensinga i antalet forsøk på eksamen ved nytt opptak i § 4-5 (4) gjeld også for privatistar.

Bestemmelsen forklarer vilkårene for å ta eksamen som privatist. Det stilles krav til betaling av avgifter og oppfyllelse av faglige krav for å få lov til å avlegge eksamen. Privatister har begrensede rettigheter ved høyskolen.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-4Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 første ledd

Sammenheng

Se også2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 9-11 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →