Forskrift
Nynorsk
§ 9-9. Hjelpemiddel og kjeldebruk
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Hjelpemiddel og kjeldebruk
(1) Lovlege hjelpemiddel skal gå tydeleg fram av emneplanen eller eksamensoppgåva.
(2) Når eksamensforma er skuleeksamen, er det ulovleg å bruke elektronisk utstyr som kan opprette samband eller på anna vis kommunisere i og utanfor eksamenslokalet.
(3) Studenten pliktar å setje seg godt inn i lovlege hjelpemiddel til den enkelte eksamenen.
(4) Studenten har sjølv ansvar for å ta med lovlege hjelpemiddel til eksamen og dessutan gjere seg kjend med korleis hjelpemidla verkar. Studenten pliktar å gjere alle hjelpemiddel tilgjengelege for kontroll.
(5) Bruk eller innehaving av ulovlege hjelpemiddel i samband med eksamen blir rekna som fusk eller forsøk på fusk, jf. § 10-5.
(6) For arbeidskrav og andre vilkår studenten må oppfylle for å gå opp til eksamen etter § 7-7, gjeld 1. til 5. ledd tilsvarande.
(7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for kjelde- og litteraturbruk.
Reglene bestemmer hvilke hjelpemidler som er lovlige under eksamen og arbeidskrav. Det er studentens ansvar å vite hva som er tillatt og sørge for at utstyret fungerer. Bruk av ulovlige hjelpemidler regnes som fusk.AI
Se ogsåForskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 10-5 første leddForskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7
Sammenheng
Se også2
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-9 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.