Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 3-5. Dokumentasjon

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 3. Opptak og rangering ved opptak

Dokumentasjon

(1) All utdanning, praksis og andre forhold som skal gi grunnlag for opptak, må vere dokumentert innan søknads- eller innsendingsfristen går ut. Ein søkar som avsluttar utdanning som gir grunnlag for opptak etter at søknads- eller innsendingsfristen går ut, må sende inn foreløpig dokumentasjon innan søknadsfristen. Søkaren skal på fastsett måte og innan fastsett frist sende inn endeleg dokumentasjon. (2) Søkaren pliktar å orientere seg om kva slags dokumentasjon som er nødvendig for at søknaden skal kunne handsamast. (3) Dokumentasjon på utdanning som er under fullføring i opptakssemesteret, skal ettersendast snarast råd og seinast innan den kunngjorde fristen. (4) Ein student må ved førespurnad vise fram originaldokumenta som er grunnlag for opptak til studium. Ein student som ikkje viser fram førespurde originaldokument for kontroll og godkjenning, kan få avslag på søknaden om opptak. (5) Bruk av falske vitnemål eller andre falske dokument vert meldt til politiet, jf. uhl. § 12-1.

All utdanning og praksis som ligger til grunn for opptak må dokumenteres innen fristen. Det er søkerens ansvar å vite hvilken dokumentasjon som kreves. Bruk av falske dokumenter blir anmeldt til politiet.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 12-1

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 3-5 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda-2026.

Les hele forskriften i sammenheng →