Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 10-3. Sensur

Sensur

(1) Studenten sine kunnskapar og ferdigheiter skal prøvast og vurderast på ein upartisk og fagleg tryggjande måte. Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk mogleg. (2) Avdelingane ved høgskulen oppnemner og godkjenner sensorar. (3) Det skal enten vere ekstern sensor ved sensur av den enkelte eksamenen eller ekstern evaluering av eksamens- og sensurordninga, jf. § 11-6 første ledd i lova. (4) Det skal vere to sensorar, der minst éin er ekstern, ved sensur av masteroppgåver, jf. § 11-7 andre ledd i lova, og ved ny sensur etter §§ 11-9 og 11-10 i lova. (5) Det skal vere to sensorar ved sensur av bacheloroppgåver eller liknande sjølvstendig arbeid på lågare grad, eksamenar som ikkje er etterprøvbare, og eksamenar som aleine utgjer 15 studiepoeng eller meir, jf. § 11-7 andre ledd i lova. (6) Ein ekstern sensor kan ikkje vere tilsett i ei hovudstilling eller bistilling ved høgskulen eller ha vore tilsett i slike stillingar det føregåande studieåret. Ein ekstern sensor kan heller ikkje ha hatt engasjement som timelærar i det aktuelle emnet for eksamenskullet i same studieår som vurderinga blir gjort. Gjesteforelesingar i avgrensa omfang vil ikkje vere til hinder for å kunne vere ekstern sensor. (7) Høgskulen i Volda har eigne retningslinjer for eksamen, sensurarbeid og sensorrettleiing.

Eksamener skal vurderes på en nøytral og faglig trygg måte, og sensuren skal være anonym så langt det er mulig. Det er regler for når det skal være én eller to sensorer, og hvem som kan fungere som ekstern sensor.AI

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-6Universitets- og høyskoleloven § 11-7Universitets- og høyskoleloven § 11-9 første leddUniversitets- og høyskoleloven § 11-10

Sammenheng

Se også4
Endringshistorikk1

Koblinger for § 10-3 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.

Les hele forskriften i sammenheng →