Forskrift
Nynorsk
§ 6-2. Tilrettelegging under eksamen
Tilrettelegging under eksamen
(1) Ein student som av medisinsk grunn eller ein velferdsgrunn har vanskar med å gjennomføre eksamensforma som er vedteken, kan søkje om særskild tilrettelegging av eksamen. Tilrettelegginga må ikkje føre til ein reduksjon av dei faglege krava som blir stilte i det enkelte studiet.
(2) Tilrettelegginga skal kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden, samtidig som studentane i størst mogleg grad skal prøvast likt. Særskild tilrettelegging er normalt utvida tid eller bruk av hjelpemiddel. Det kan også vurderast andre tiltak når det er dokumentert særlege behov.
(3) Søknad om særskild tilrettelegging av eksamen må leverast innan den fastsette fristen, som blir publisert på nettstaden til høgskulen.
(4) Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller ein annan sakkunnig. Det skal gå fram av dokumentasjonen kva som trengst av særskild tilrettelegging.
Studenter med medisinske årsaker eller velferdsgrunner kan søke om særskilt tilrettelegging under eksamen. Tiltakene skal kompensere for ulemper uten at de faglige kravene i studiet blir redusert.AI
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6-2 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.