Forskrift
Nynorsk
§ 9-2. Vilkår for å ta eksamen
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda·Kapittel 9. Eksamen og andre vurderingsformer
Vilkår for å ta eksamen
(1) Vilkår for å ta eksamen skal gå fram av emneplanen. Det kan stillast krav i emneplanen om obligatorisk oppmøte eller deltaking eller obligatoriske arbeidskrav. Dersom det blir stilt krav om obligatorisk oppmøte eller deltaking eller obligatoriske arbeidskrav, må dette vere bestått før studenten kan ta eksamen, jf. § 11-4 andre ledd i lova. Tilsvarande kan det stillast krav i studie- eller emneplanen om at særskilde eksamenar skal vere bestått, eller at studenten skal ha teke eit minimum av studiepoeng, før studenten kan melde seg til undervisning eller eksamen i eitt eller fleire andre emne eller fortsetje studiet.
(2) Studentar som ikkje har betalt semesteravgift etter forskrift om studentsamskipnader § 17 innan fristen, eller som ikkje har betalt anna avgift fastsett i samsvar med universitets- og høyskoleforskriften, har ikkje rett til å ta eksamen.
Kravene for å kunne ta eksamen står i emneplanen. Dette kan inkludere obligatorisk oppmøte, arbeidskrav eller beståtte emner. Man mister retten til eksamen dersom semesteravgiften eller andre fastsatte avgifter ikke er betalt.AI
Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-4Forskrift om studentsamskipnader § 17
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-2 i forskrift-om-opptak-studium-og-eksamen-ved-høgskulen-i-volda.