Forskrift
§ 1-3. Definisjonar
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Skrivekunstakademiet i Hordaland·Kapittel 1. Generelle bestemmingar
Definisjonar
Student
Person som er tatt opp til studium ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som har ein bindande og ikkje avslutta kontrakt ved eit emne eller studieprogram.
Studierett
Rettigheiter knytt til det å vere tatt opp som student og ha ein gjeldande studiekontrakt. Studierett inneber rett til deltaking i all organisert undervising, rettleiing med vidare ved det studiet studenten er tatt opp til.
Studieprogram
Eit studium med eit definert innhald bestemt av en studieplan, som fører fram til avsluttande eksamenar eller en grad.
Studieplan
Ei overordna beskriving av oppbygging og gjennomføring av eit årsstudium. Beskrivinga skal innehalde bestemmingar vedrørande omfang, studiepoeng, mål, læringsutbytte, fagleg innhald og vurderingsordning.
Emne
Den minste studiepoengivande eininga som kan inngå i eit årsstudium.
Emnebeskriving
Skal innehalde bestemmingar om omfang, krav til forkunnskap, faginnhald, læringsutbytte, undervisings- og arbeidsformer, læremiddel og pensum, vurderingsformer og eventuelle arbeidskrav.
Studiepoeng
Mål på studieomfang, der 60 studiepoeng tilsvarar eitt års fulltidsstudium.
Pensum
Litteratur eller t.d. nettstader, filmar, forestillinger, førelesingar eller liknande som studentane nytter i læringssituasjonen.
Arbeidskrav
Krav som må vere godkjent for å gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervising, praksis og liknande som ikkje utgjer ein del av eksamen. Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje-godkjent.
Eksamen
Ein eksamen er ein avsluttande oppgåve innan eit emne eller eit avgrensa delemne. Resultatet av arbeidet (vurderingsgrunnlaget) vert sensurert, og resultatet av sensuren skal inngå på vitnemål eller karakterutskrift.
Ordinær eksamen
Ordinær eksamen er første gang ein student går opp til eksamen i eit emne eller deler av emne.
Utsett eksamen
Utsett eksamen er den vurderinga som vert arrangert for studentar som har hatt dokumentert gyldig fråvær ved ordinær eksamen.
Ny eksamen/kontinuasjonseksamen
Ny eksamen/kontinuasjonseksamen er den vurderinga som vert arrangert for studentar som ikkje har bestått eller ikkje har møtt/levert ordinær eksamen og for studentar som ønsker å forbedre det samlede vurderingsresultatet for et emne.
Ekstraordinær eksamen
Ekstraordinær eksamen er den vurderinga som vert arrangert i emner som er tatt ut av emneporteføljen.
Vurderingsform
Formen ein eksamen eller ein deleksamen har.
Deleksamen
Ein av flere vurderingar i eit emne som kvar gir ei sjølvstendig vurdering som skal inngå i berekninga av endeleg karakter i emnet. Vekta av kvar deleksamen skal vere angitt i emnebeskrivinga.
Grad
Utdanning av bestemt omfang og samansetning, og som gir rett til å bruke ein bestemt tittel. Tittelen vert dokumentert i eit vitnemål.