Hopp til innhold
Forskrift

§ 5-5. Vurderingsgrunnlag

Vurderingsgrunnlag

Vurderingsgrunnlaget skal vere angitt i emnebeskrivinga. Lovens krav til upartisk og fagleg betryggande prøving av studentanes kunnskap og dugleik skal tilfredsstillast. Studentens kunnskapar og ferdigheiter skal bli vurdert opp mot læringsutbyttet og vere i tråd med oppgitt pensum og i samsvar med dei undervisnings- og arbeidsformane som er gitt i emnebeskrivinga. Deleksamen må godkjennast separat. Munnleg og praktisk eksamen skal vere offentleg med mindre hensynet til gjennomføring tilseier noko anna. Det kan gjerast unntak frå regelen om offentlegheit i enkelte tilfeller etter skriftleg søknad frå vedkommande kandidat når særleg tungtvegande grunner tilseier det. Prosjektarbeid som vert gjennomført i samarbeid med ekstern partner, kan vere underlagt fortrulegheitsbestemmingar. Dersom munnleg eksaminasjon i slike tilfeller inngår i vurderinga, kan det fattast vedtak om at eksamenssituasjonen ikkje skal vere offentleg. Varigheita av den enkelte eksamen skal vere angitt i eksamensplanen og emnebeskrivinga.

Reglene bestemmer hvordan eksamener skal vurderes og gjennomføres. Hva som kreves for å bestå står i emnebeskrivelsen, og deleksamener må godkjennes hver for seg. Som hovedregel er muntlige og praktiske eksamener åpne for publikum.AI

Les hele forskriften i sammenheng →