Forskrift
§ 5-8. Fusk ved eksamen
Fusk ved eksamen
Å presentere andres arbeid som sitt eige vil betraktast som fusk eller forsøk på fusk ved alle eksamensformer.
Følgjende forhold vert betrakta som fusk eller forsøk på fusk ved eksamen som finn stad under tilsyn:
-) å motta hjelp under eksamen
-) å besitte eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatt etter at oppgaven er delt ut
-) å henvende seg munnleg eller skriftleg til andre eksaminander etter at oppgaven er delt ut.
Ved heimeeeksamen og andre skriftlege arbeid vil kopiering, plagiering eller avskrift av emnelitteratur og eigne og andres arbeid utan kildehenvising, bli vurdert som fusk eller forsøk på fusk. Sjå også utfyllande bestemmingar om eksamen ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Ved eksamensformer som opplesing, forestillinger og liknande, vil plagiering av andres idear og konsept vere å ansjå som fusk.
Dersom det oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk ved eksamen under tilsyn, skal kandidaten straks gjerast oppmerksom på at forholdet vil bli rapportert. Kandidaten vel sjølv om han/ho vil fullføre eller avbryte eksamen.
Kandidatar som er kjent skyldige i fusk eller forsøk på fusk ved eksamen, får karakteren i emnet annullert, og kan i tillegg utestengast frå høgskulen og fråtakast retten til å gå opp til eksamen ved høgre utdanningsinstitusjonar i inntil eitt år rekna etter endeleg vedtak i høgskulens styre (jf. lovens § 4-7 og § 4-8).
Det er forbudt å presentere andres arbeid som sitt eget, og det regnes som fusk å kopiere eller bruke utillatte hjelpemidler. Ved mistanke om fusk under tilsyn skal kandidaten informeres. Fusk kan føre til annullering av karakteren og utestengelse fra utdanning.AI