Forskrift
§ 7-6. Omrekning frå utanlandske til norske karakterar
Forskrift om opptak til høgare utdanning·Kapittel 7. Rangering av søkjarar ved opptak·Sist endret 1. januar 2020
Omrekning frå utanlandske til norske karakterar
(1) Søkjarar med anna vidaregåande opplæring enn norsk skal rangerast ved utrekning av poeng eller individuell vurdering, jf. § 7-5 første ledd og § 7-1 fjerde ledd.
(2) Departementet eller den institusjonen departementet gir fullmakt skal fastsetje og halde ved like omrekningstabellar for anna vidaregåande opplæring enn norsk, jf. vedlegg II. Karakterfordelinga i den utanlandske vidaregåande opplæringa skal samanliknast med karakterfordelinga i norsk vidaregåande opplæring.
(3) Omrekningstabellar skal nyttast til å rekne ut karakterpoeng, jf. første ledd.
(4) For søkjarar med utanlandsk vidaregåande opplæring der det ikkje finst ein omrekningstabell, skal det nyttast ei lineær omrekning for å berekne karakterpoeng, jf. første ledd.
(5) For søkjarar med utanlandsk vidaregåande opplæring der et ikkje finst ein omrekningstabell, og der lineær omrekning klart blir urimeleg, skal rangering skje etter § 7-12.
(6) For søkjarar med utanlandsk vidaregåande opplæring som kvalifiserer for opptak etter § 2-2 (8) reknast tilleggsfag som nemnd i § 7-5 (1), avlagt i norsk vidaregåande opplæring, inn i karakterpoengsum etter en gjennomsnittsrekning som om søkjaren hadde 25 karakterar frå det utanlandske vitnemålet.
Søkere med utenlandsk utdanning skal rangeres ved hjelp av omregningstabeller til norske karakterer. Hvis tabell ikke finnes, brukes lineær omregning, eller en annen metode dersom dette er urimelig.AI
Endret 30. desember 2024 · i kraft 19. desember 2024
Endringshistorikk (4)
- 30. desember 2024Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
- 1. juli 2024Universitets- og høyskoleforskriften
- 22. desember 2023Forskrift om endring forskrift om opptak til høgare utdanning
- 27. november 2019Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
Noter (1)
- EndringOppheva ved forskrift 26 nov 2019 nr. 1580 (i kraft 1 jan 2020), endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2223, 19 des 2024 nr. 3488.
Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 7-5Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-1Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-12Forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 første ledd
Sammenheng
Se også4
Endringshistorikk4
Koblinger for § 7-6 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.