Forskrift
Nynorsk
§ 3-2. Realkompetanse for opptak til studium som krev generell studiekompetanse
Realkompetanse for opptak til studium som krev generell studiekompetanse
(1) Søkjaren må oppfylle følgjande kriterium for å vere kvalifisert for opptak til studium som har generell studiekompetanse som opptakskrav:
a) Søkjaren har ikkje generell studiekompetanse.
b) Spesielle opptakskrav på studieprogrammet må vere oppfylt.
c) i) Søkjaren må ha minst fem års fulltids arbeidserfaring, der minst tre er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Deltid vert rekna om til heiltid. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande. ii) Søkjarar til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng må ha minst fem års arbeidserfaring i minst 50 %, der minst tre år er relevante for studiet det vert søkt om opptak til. Inntil to av dei fem åra kan vere ulønt arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.
d) Alle søkjarar må ha naudsynte kunnskapar i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk vert særskilt vektlagt.
e) i) Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit vert gjennomført på engelsk eller for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land. ii) Ved opptak til emne på inntil 30 studiepoeng eller studieprogram på 30 studiepoeng, der det ikkje er fagleg nødvendig med engelskkunnskapar, kan studie- eller emneplan fastsetje unntak for dokumentasjon av engelskkunnskapar.
f) Søkjar til studieprogram på 60 studiepoeng eller meir må gjere greie for eigen motivasjon og forventing til studiet, samt ein eigenvurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.
(2) Søkjarar kan ikkje bli vurdert for realkompetanse dersom studiet har krav om eit bestemt minimumstal på skulepoeng, slik som til dømes grunnskulelærar- og faglærarutdanningane.